Krakilsk gjest i Sogndal

Publisert 27.12.2017 kl. 06.01. Oppdatert kl. 06.22.

Like etter klokka 01 natt til onsdag stelte ein 26 år gamal mann i stand bråk ved inngangen til Quality hotel i Sogndal, melder Vest politidistrikt på Twitter.. Vedkomande knuste ei rute i inngangsdøra, og reiv sund T-skjorta til ein av vaktene på hotellet. Vaktene greidde å få kontroll på mannen fram til politiet kom fram til staden. Politipatruljen tok hand om vedkomande, som deretter ar vist bort frå staden. 26-åringen må rekna med at hotellet kjem til å melda skadeverket hans til politiet.


Les meir om: Nyhende Notis Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida