KRAFTIG VIND: Dei blå felta viser kvar vinden blir kraftigast. (Foto Metrologisk institutt)

Kraftig vind på veg: - Hald deg unna fjellet

Indre delar av Sogn vil få kraftige vindkast. Verst blir det i høgfjellet.

Publisert 14.01.2018 kl. 11.14. Oppdatert kl. 11.32.

Det er venta vindkast frå sør-søraust i Sør-Noreg søndag og måndag, med vindkast på 35-45 meter i sekundet frå Trøndelag til Sogn og Fjordane.


Laurdag auka Meterologisk institutt overvakinga av situasjonen, men søndag føremiddag kunne statsmeterolog, Lars Andreas Selberg fortelja at det ikkje vil bli sendt ut varsel om ekstremvêr.


- Det er venta kraftige vindkast, men det er ikkje store nok områder med ekstreme verdiar til at me sender ut ekstremvarsel no, seier Selberg.


I staden for ekstremvarsel sender meterologane ut obs-varsel på vindkast på 25-35 meter i sekundet.


Kraftig vind

Verst blir vinden i Nordfjord, Møre og Romsdal og Trøndelag. Men Indre delar av Sogn vil òg få kraftige vindkast. Vinden vil vera sterkast natt til måndag.


- Søndag føremiddag bles det godt ved kysten. Denne vinden vil bevega seg sakte innover i løpet av dagen. Lokalt kan vindkasta koma opp i 25 til 30 meter i sekundet i delar av Indre Sogn, seier Selberg.


Han fortel at det kan vera store lokale forskjellar i vindstyrken.


- Nokre stader kan få kraftige vindkast, medan andre stader ikkje vil merka så mykje til det.


 


Hald deg unna fjellet

Verst blir vinden i høgfjellet. 


- Mitt råd er å halda seg vekke frå fjellet, seier meterologen.


Vinden vil halda fram utover måndagen, men vil minka att natt til tysdag.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Vêr