Kontrollerte 237 køyretøy

Publisert 11.08.2017 kl. 06.19.

Statens vegvesen sine kontrollørar frå Sogndal trafikkstasjon hadde trafikkontroll i Årdal og i Luster torsdag ettermiddag og kveld. I løpet av kontrollen, som vara frå klokka 15.00 til 22.00, vart 237 køyretøy kontrollerte, og av desse fekk fem mangellapp grunna manglande lys. Eitt køyretøy vart meldt til politiet. Elles skreiv dei to kontrollørane ut fem trafikkgebyr fordi bilførarane ikkje hadde med seg førarkort eller vognkort, samt eitt gebyr fordi bilbelte ikkje var i bruk. 


 


Siste saker Gå til framsida