INGEN REAKSJON: Politiet og Satens vegvesen fann ingen grunn til å reagera etter ein rus- og dokumentkontroll på HÅbakken torsdag morgon. (Foto: Arkiv)

Kontrollerte 134, alle bles grønt

Politiet og Statens vegvesen har i samarbeid gjennomført ruskontroll og dokumentkontroll på Håbakken torsdag morgon.

Publisert 02.11.2017 kl. 07.45.

Totalt 74 køyretøy/førarar vart kontrollerte mot rus og dokument. Det synte seg at alle hadde alt på stell.


UP kontrollerte sjåførane på 59 tunge køyretøy for promille i samme kontrollen. Heller ikkje her var det nokon grunn til reaksjon frå UP si side.


Statens vegvesen melder elles på sine heimesider at det er fleire varmegrader på fjellovergangane ut og inn av fylket. Det er også stort sett berr vegbane.


 


Siste saker Gå til framsida