GLIPP: - Det var ein særs uheldig glipp, seier Alf Magne Hjellum i Lærdal kommune.

Kommune kan bli meld for å ha øydelagt kulturminne

Lærdal kommune kan bli meld til politiet for å ha grave i eit freda kulturminne utan løyve.

Publisert 12.02.2018 kl. 20.21.

-  Me ser veldig alvorleg på det som har skjedd. Me vurderer no skadeomfanget og om det er grunnlag for ei politimelding, seier fylkeskonservator i Sogn og Fjordane, Eva Moberg, til Nrk Sogn og Fjordane.


- Særs uheldig glipp

Lærdal kommune søkte aldri om løyve til denne utgravinga, som vart gjort for å kopla til eit vatn- og avløpsanlegg på Håbakken til prestegarden på Tønjum.

Kommunen grov då ei lang og djup grøft i eit freda område som ligg inne i kommunen sin kulturminneplan. Tilbake på 90-talet blei det registrert viktige funn frå ein over 1000 år gamal busetnad på marka der det blei grave, skriv Nrk Sogn og Fjordane.

Kommunen søkte aldri dei rette instansane om løyve. Kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune blei heller aldri varsla.


- Det var ein særs uheldig glipp. Me håpar me ikkje har øydelagd noko, seier Alf Magne Hjellum, som er leiar for tekniske tenester i Lærdal kommune, til Nrk.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida