STAMVEGEN: Tidleg torsdag morgon vart det innført kolonnekøyring på E16 over Filefjell grunna uvêret i fjellet. Biletet teke ved Smedalen. (Webkamera: Statens vegvesen)

Kolonnekøyring på Filefjell torsdag morgon

Ingen av fjellovergangane i Indre Sogn har fri ferdsel torsdag morgon.

Publisert 25.01.2018 kl. 06.19. Oppdatert kl. 06.26.

Den einaste vegen aust-vest som er farbar torsdag morgon er E16 over Filefjell, ifølgje Statens vegvesen sine trafikkmeldingar. På denne strekning vart det innført kolonnekøyring grunna uvêr like etter klokka 05.30 torsdag.


Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, fylkesveg 50 Aurland-Hol og fylkesveg 53 Årdal-Tyin er alle stengde grunna uvêret som har herja i fjellet sidan onsdag kveld.


Statusen for fv. 50 skal vurderast klokka ni torsdag føremddag.


Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd grunna snøskred. Det blir ei ny vurdering rundt opning av vegen klokka ti torsdag føremiddag.


Siste saker Gå til framsida