KOLONNE: Riksveg 13 over Vikafjellet opna att for kolonnekøyring like før klokka 08.00 onsdag, etter å ha vore stengd grunna uvêr natt til onsdag. (Arkivfoto)

Kolonnekøyring i morgontimane

På riksveg 13 over Vikafjellet var det onsdag morgon kolonnekøyring.

Publisert 11.01.2017 kl. 06.39. Oppdatert kl. 14.42.

Uvêr i fjellet førte til at rv. 13 over Vikafjellet vart stengd tysdag kveld. Vegen var framleis stengd onsdag morgon, men opna att for kolonnekøyring like før klokka 08.00 onsdag, ifølgje Statens vegvesen sine trafikkmeldingar.


Første kolonna køyrde frå Storehaug klokka 08.30.


På dei andre fjellovergangane i Sogn blir det onsdag morgon meldt om snøbyger, vind mellom laber bris og liten kuling, samt temperaturar like under null grader.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Uvêr Vik