KOLONNE: Det blir innført kolonnekøyring over Vikafjellet klokka 08.00. (Arkivfoto)

Kolonne over Vikafjellet, Årdal-Tyin stengd

Frå klokka 08.00 blir det innført kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet.

Publisert 21.12.2017 kl. 06.16. Oppdatert kl. 07.56.

Like etter klokka 03.00 natt til torsdag måtte vegen stengjast  på grunn av uvêr. Klokka 07.23 melder Statns vegvesen at det blir innført kolonnekøyring frå klokka 08.00.


Det er elles meld om snøbyger, kuling og redusert sikt på fjelloverganagne. Fylkesveg 53, Årdal-Tyin, har minus to grader og sterk kuling, snø og vart stengd like før 06.30 torsdag morgon, opplyser Statens vegvesen. Det er uvisst når den vegen kan opnast att.


På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50, Hol-Aurland, er det minus ein grad, redusert sikt og liten kuling. Her er det lette snøbyger.


E16 over Filefjell har greie køyretilhøve.


 


Siste saker Gå til framsida