Klingenberg ny styremedlem i Senterkvinnene

Publisert 03.02.2018 kl. 12.51.

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane har fylkesårsmøte i helga på Knutholmen, Kalvåg.  På årsmøtet vart Jofrid Rye Hestenes attvald som fylkesleiar. - Eg er svært takksam for tilliten, og ser fram til å arbeida med gode saker framover, i lag med det nye styret, seier Rye Hestenes i ei pressemelding.
Det kom inn ein ny medlem i fylkesstyret, Trude Klingenberg frå Årdal.
Fylkesstyret er etter årsmøtet slik samansett:
Leiar: Jofrid Rye Hestenes, Stryn
Nestleiar: Kristina Tomasgard, Gloppen
Styremedlem: Britt Domben Mulelid, Bremanger
Styremedlem: Ida Fretland, Fjaler
Styremedlem: Trude Klingenberg, Årdal (ny)


Les meir om: Nyhende Notis Politikk

Siste saker Gå til framsida