TØFF: Paola (7) frå Kaupanger er med i NRK Super-serien <>. (Foto: Stine Kyrkjebø Johansen /NRK)

Klart Paola kan sykle

Paola (7) frå Kaupanger er med i NRK Super-serien «Klart eg kan».

Publisert 14.11.2017 kl. 10.54. Oppdatert kl. 11.44.

Paola syklar mykje, men mest i gata der ho bur. Det kjekkaste er å sykle fort i nedoverbakke.


No vil Paola prøve å sykle i skogen på bratt sti, men det ser vanskeleg ut. Røtene på stien kan vere glatte, og Paola er redd ho skal ramle.


- Det er tøft å sjå på dei store som sykar i skogen, tykkjer ho. 


- Det ser litt vanskeleg og skummelt ut. Viss eg skal bli like flink må eg sikkert øva masse, seier sjuåringen. 


Korleis det går når Paola skal få prøva seg på stisykling på barneidretten saman med vennene sine, kan du sjå i NRK Super-serien «Klart eg kan» sin nettspelar - eller på barne-TV i kveld.


Les meir om: Nyhende Sogndal Ung

Siste saker Gå til framsida