DUELL: Frida Tryti Hunshammer i The Voice. (Foto: TV2)

Klar for duell

Frida Tryti Hunshammer frå Årdal er klar for duell onsdagens utgåve av The Voice på TV2.

Publisert 27.09.2017 kl. 11.20.

Duellrunden går ut på at mentorane set sine deltakarar opp mot kvarandre, to mot to. Deretter må dei velja kven av dei som skal gå vidare.


Duellen er den siste i rekkja, og der skal altså Frida frå Tangen syngja mot Ida Lunde frå Sandens. Vinnarane av denne runden er vidare til neste steg i konkurransen, nemleg dei såkalla Knock Out-rundane.


Det var storesøstera, Serine, som melde ho på, utan at Frida sjølv visste om det. Ho skjønte det først då ho fekk mail frå det populære tv-programmet, som ville ha meir informasjon om ho.


- Eg tvilte veldig i byrjinga, men så bestemte eg meg for å hoppa i det, har ho tidlegare fortalt til Sogn Avis.


Les meir om: Nyhende Musikk Årdal

Siste saker Gå til framsida