TIL SOGNDAL: Den kjende Youtubaren Maria Stavang kjem til Sogndal Filmfestival. (Pressefoto)

Kjend Youtubar til Sogndal Filmfestival

Maria Stavang gjestar Sogndal Filmfestival.

Publisert 12.01.2018 kl. 15.51. Oppdatert kl. 15.56.

Ho har hatt stor suksess med bruk av sosiale media; både YouTube, Facebook og Instagram.


Bergensaren starta på standup-scena sommaren 2015 og alt i 2016 tok kapra ein av dei gjævaste prisane, «Årets Nykommer», på Humorfest i Bergen.


Viktige tema på sosiale media

I tillegg til ei forrykande hurtig standup-karriere, er Maria kanskje aller best kjent under sitt Internett-alias @piateed, følgd av over 200 000 på Facebook og Instagram. Der brukar ho stemma si til å ta opp alvorlege og viktige problemstillingar knytt til samfunnet problemstillingar, men med ein humoristisk og ærleg vri. Dette har gjort henne ein av landets mest følgde på sosiale media.


Berre i hausten 2017 har Maria deltatt og gjesta program som Nytt på Nytt, P3-aksjonen, NRK Satirisk, Lørdagsrådet og Camp Senkveld.


6. april kjem ho til Sogndal for å halde føredrag på Sogndal Filmfestival.


Føredrag

Sogndal Filmfestival går av stabelen 5.-6. april og vert arrangert for 13. gong av 3. klasse Media Sogndal vidaregåande skule. Filmskaparar mellom 14 og 28 år invitert til å senda inn filmar. Det vert konkurrert i 8 ulike filmkategoriar.


Les meir om: Kultur Sogndal

Siste saker Gå til framsida