I BLAOBOXEN: Tysdag kjem Erland Dalen og Geir Sundstøl til den populære konsertscena i Sogndal kulturhus. (Pressefoto)

Kjem til Blaoboxen med Strenger og Skrot

Erland Dahlen og Geir Sundstøl byr på ny og spennande musikk.

Publisert 17.10.2017 kl. 09.48.

Tysdag 17. oktober er det klart for ei ny stor konsertoppleving i Blaoboxen. Då kjem trommis Erland Dahlen og gitarist Geir Sundstøl med sitt Strenger og Skrot.


Etablerte

Dahlen og Sundstøl er begge tungt etablerte navn i norsk musikkliv. Sundstøl er ein av landets fremste gitaristar, og han er spesielt kjent for å traktera alle typar strengeinstrument - pedal steel, banjo, dobro, bozouki osb med stor bravado. Han er ein ettertrakta studiomusikar, og har spelt på platene fleire kjende norske band og artistar og - frå meir heimlege trakter - Tone Damli og  Olav Stedje, går et fram av ei pressemelding.

Og Sundstøl har vore i Sogn tidlegare. Seinast i sommar då han vitja Fres Festival som gitarist i bandet til Stein Torleif Bjella.


Nye plater

Trommeslagar Erland Dahlen er også ein ettertrakta musikar. Han var lenge fast trommis for Madrugada, og han har i tillegg spelt med alt frå Odd Nordstoga og Bjørn Eidsvåg til Marit Larsen og Xploding Plastics. I løpet av dei siste åra har begge gitt ut to nye plater. Konserten i Blaoboxen tysdag vil innehalda låtar fra alle platene, samt improvisert musikk.


Les meir om: Kultur Musikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida