TIL FRES: Cezinando er klar for Fres Festival 2018. (Foto: Maria Pasenau)

Kjem med årets låt til Fres Festival

Vinnar av årets P3 Gull, Cezinando, gjestar neste års utgåve av Fres Festival.

Publisert 30.11.2017 kl. 10.00. Oppdatert kl. 10.03.

Laurdag kveld stakk hiphop-kometen Cezinando av med P3 Gull for årets låt med hiten "Håper du har plass". No er det altså klart at han tek turen til Fresvik siste helga i juli.


- Me er heilt vanvittig nøgde med å få Cezinando til Fres, seier Gunnar Husabø i Festivalleiinga.


-  Me har i dei siste åra hatt mykje bra hiphop på Fres: Arif, Lars Vaular, Yoguttene, Sushi x Kobe og ikkje minst den lokale helten Kjartan Lauritzen. Me ser fram til å også i 2018 kunne diska opp med det fremste innan norsk hiphop, seier Husabø.


Cezinando debuterte i 2012 med EPen Cez 4 Prez, følgde opp med langspelarane framtid:sanntid (2014) og Barn av Europa (2016). Han vann Årest Urørt i 2016, Årets nykommer på P3 Gull 2016, og for Barn av Europa fekk han Spellemannspris for beste tekstforfattar. I oktober i år kom tredjeskiva Noen ganger og andre.

KLAR FOR FRESEN: Thea & The Wild står på scena under neste års Fres Festival. (Pressefoto)

Kritikarrost mangfald

I tillegg til Cezinando kjem trioen Great News opp frå Bergen. Great News spelar 80-talsinspirert rock, og dei ligg for tida i startgropa til ei svært lovande karriere. Dei har nyleg signert på det internasjonale bookingbyrået Coda, og i februar kjem den lenge bebuda langspelardebuten Wonderfault. Noko å sjå fram til, lovar festivalen i ei pressemelding.


Thea & The Wild er også bekrefta til neste års Fres. Thea har oppnådd tung rotasjon på norske radiokanalar og spelt kritikarroste konsertar mellom anna på Øyafestivalen og By:larm. Debutskiva «Strangers & Lovers», som kom ut i 2014, vart nominert til Spellemann og hausta strålande kritikkar i den kulørte dagspressa.


- Tre singlar frå den nye plata som kjem i februar er allereie ute, og alt tilseier at strålande kritikkar, det blir det meir av, trur Husabø.


Artistsleppet vert runda av på hardaste vis: metalbandet Sibiir tek turen for å lever blytunge riff og høg vreng.


- Bandet sleppte debutplata Sibiir heilt på tampen av 2016 og i 2017 og etterkvart 2018 har dei slått seg opp til å bli eit av landets mest ettertrakta liveband med bookingar på Slottsfjell, Øya og Tons of Rock, fortel Husabø. 

KJEM TIL FRES: Great News kjem til Fres Festival 2018. (Foto: Linn Heidi Stokkedal)

Startar bilettsalet

Fres Festival 2018 vert den trettande i rekka. Festivalen har rykte på seg for å vera ein av dei mest eksklusive i landet, med under 1.000 billettar er tilgjenglege for sal.


Fres Festival 2018 går av stabelen frå torsdag 26. til laurdag 28. juli. Billettane vert lagde ut for sal torsdag 30. november.

KJEM TIL FRES: Sibiir kjem til Fresen (Foto: Stian S. Evensen)

Les meir om: Nyhende Kultur

Siste saker Gå til framsida