PÅ ROCKEFELLER: Kjartan Lauritzen under konserten sin på Rockefeller i oktober. (Foto: Eirik Thue)

Kjartan Lauritzen nominert til to prisar

Fenomenet frå Balestrand kan stikka av med prisen som årets liveartist og årets nykomar på P3 Gull.

Publisert 06.11.2017 kl. 15.36. Oppdatert kl. 15.57.

- Heilt sidan eg var liten har eg drøymt om å bli verdas største rockestjerne, no er eg eit steg nærare, men mykje nærare om du stemmer på meg til å bli årets deiligaste liveartist, skriv Per Àki Sigurdsson Kvikne på Facebook.


Programleiar Christine Dancke avslørte alle dei nominerte i sendinga på måndag.


Høyr Kjartan bli megaoverraska og veldig lukkeleg på lufta hos Christine Dancke på NRK P3 i ettermiddag.


- Stor respekt

- Det er ikkje utan grunn norske artistar nyt stor respekt internasjonalt. Den sjølvsikkerheita som spring ut frå dette har vore høyrbar i heile 2017, seier Mats Borch Bugge, P3s musikksjef og juryformann i P3 Gull, i ei pressemelding.


Han er ikkje i tvil om at året har bydd på mange sterke musikkopplevingar. At artistar har blitt spelt i seriar som Skam har stor betydning, trur han.


- Artistar har opplevd å nå ut til eit breiare publikum og fått eit veldig skyv på hitlistene. I år blei også rappen endå meir emosjonell og sånn sett også meir ekte. Rap har kanskje nettopp difor overteke leiartrøya frå EDM-sjangeren på mange måtar, seier musikksjefen.


Her er dei nominerte:

ÅRETS LIVEARTIST


Gabrielle


Karpe Diem


Kjartan Lauritzen


Sigrid


LÜT


ÅRETS LÅT


Linda Vidala og KingSkurkOne - «Bængshot»


Sigrid - «Don't Kill ny Vibe»


Arif - «Alene»


Hkeem og Temur - «Fy faen»


Cezinando - «Håper du har plass»


ÅRETS NYKOMAR


Hkeem


Sigrid


Kjartan Lauritzen


Amanda Delara


Linda Vidala


Siste saker Gå til framsida