Denne veka kjem Kinas største popidol, Wang Yuan, til Norge for å spela inn musikkvideo. (Foto: Wang Yuan)

Kinas svar på Justin Bieber til Sogn for å spela inn musikkvideo

Denne veka kjem Kinas aller største popidol til Vestlandet.

Publisert 03.01.2018 kl. 20.19.

Wang Yuan frå bandet TFBoys, som er Kinas mest populære popband, kjem denne veka til Noreg for å spela inn tre musikkvideoar i Myrkdalen, Flåm og Bergen, skriv Innovasjon Norge i ei pressemelding.


Yuan har over 34 millionar følgjarar på Sina Weibo, tilsvarande Twitter i Kina, og ei melding om hans nye singel i 2016 blei delt heile 471 millionar gonger. Nyleg blei han kåra til ein av verdas 30 mest innflytelsesrike tenåringar av Time Magazine. 


Ekte vintereventyr

Det er draumen om eit ekte vintereventyr som fører Yuan til Norge. For i tillegg til å vere Kinas store pophelt, er han også ein ivrig skientusiast. Frå før er han utpeika som «Winter Sports Ambassador» for Bejing Social Sports Administration Center i samband med vinter-OL i byen i 2022.


No kjem tenåringsidolet mellom anna til Vestlandet for å spela inn musikkvideo for singelen «Seventeen».


Mellom anna skal han stå på ski saman med OL-vinnaren Kari Traa i Myrkalden 8. januar.


- Ved å jobba digitalt på denne måten når me reisande me aldri hadde nådd gjennom tradisjonelle kampanjar, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Norge. 


- Gjennom besøket ønskjer me å vise fram Norge frå fleire sider, og på den måten påverka reisemønstera til framtidig besøkjande. Målet er ikkje at millionar av kinesarar skal koma til Norge, men at dei riktige reisande som ønskjer å oppleve vinter og ski får augo opp for Norge. På den måten opnar Wang Yuan opp dørene til eit heilt nytt publikum, seier ho.


- Ein del av satsinga

Besøket er eit resultat av samarbeid mellom Innovasjon Norge, Fjord Norge, Bergen Reiselivslag, Visit Flåm, Myrkdalen Hotel og kinesiske Sina Weibo. 


Det er ein del av satsinga for å trekka kinesiske gjester til Noreg utanom hovudsesongane, og til nye aktivitetar. Med vinter-OL i Beijing på trappene i 2022 er det ei gryande interesse for vintersport i Kina. Over 12 millionar kinesarar står allereie på ski, og marknaden har ein årleg vekst på 20 prosent.


I tillegg til arbeidet med å gjera Norge kjent som ein skidestinasjon, jobbar Innovasjon Norge med å hjelpe norsk næringsliv som tilbyr kompetanse og produkt innan skisport gjennom Global Growth-prosjektet inn i den kinesiske marknaden.


- Fjord Norge-regionen har hatt ein eventyrleg vekst på over 1000 prosent i høgsesongen frå Kina dei siste ti årene. Målet framover er å få kinesarar til å koma heile året ved å løfte fram vinteropplevingar i fjordlandskapet, seier Kristian B. Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge, i pressemeldinga. 


- Satsinga på vinterturisme på Vestlandet starta i 2016. Me ser allereie at kinesiske besøkjande i større grad kjem utanom hovudsesongane, og at fleire reiser individuelt. Dei ønsker å oppleve både natur og kultur, og fjordregionen om vinteren byr på ein heilt unik kombinasjon, legg Holm til.


Les meir om: Nyhende Aurland Næringsliv

Siste saker Gå til framsida