Illustrasjonsfoto. (Arkiv)

Kan fella åtte jervar

Rovviltnemnda har vedteke at det kan fellast åtte jervar under lisensjakta i rovviltregion 1.

Publisert 13.09.2017 kl. 06.34.

Lisensjakta på jerv starta opp 10. september, og jaktperioden går fram til 15. februar 2018. I denne perioden har rovviltnemnda vedteke at det kan fellast inntil åte jervar, melder Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på nettsida si.


Lisensjakta gjeld for heile Sogn og Fjordane.


Rovviltnemnda har også vedteke lisensjakt på tre ulvar i region 1 i perioden 1. oktober 2017 til 31. mars 2018


Les meir om: Nyhende Natur og miljø Dyr