FAKSIMILE: Utsnitt av avfallskalenderen for Lærdal.

Kalenderkrøll hjå Simas

Det er ikkje alle abonnentane til Simas som har fått rett avfallskalender for 2018.

Publisert 09.01.2018 kl. 13.54. Oppdatert kl. 14.50.

Ein feil har ført til at nokre innbyggjarar i Simas-kommunane har fått avfallskalender for feil kommune. Samt at nokre abonnentar ikkje har fått denne kalenderen i det heile.


Det er ulike måtar dei aktuelle abonnentane kan få ordna dette på: Anten henta kalenderen på tenestetorget i kommunen sin, skriva han ut frå Simas si heimeside, lasta ned appen Min Renovasjon, eller kontakta Simas, slik at dei kan senda avfallskalenderen per post, skriv Simas på heimesida si.


Siste saker Gå til framsida