FRI FERDSEL: Frå torsdag 21. desember blir det juleferie for dei som arbeider i Gudvangatunnelen (biletet) og dei andre tunnelane i Aurland. Dermed blir det fri ferdsel døgeret rundt fram til 2. januar 2018. (Arkivfoto)

Juleferie i tunnelane

Frå torsdag 21. desember tek tunnelarbeida i Aurland juleferie.

Publisert 18.12.2017 kl. 14.29. Oppdatert kl. 14.32.

Arbeidet i tunnelane på E16 i Aurland tek juleferie frå torsdag 21. desember. Dette betyr at det blir fri ferdsel gjennom tunnelane døgeret rundt, fram til tunnelarbeidet startar opp att tysdag 2. januar 2018 om kvelden.


Frå 2. januar 2018 blir det slutt på den tre timar lange stenginga mellom klokka 20.00 og 23.00 i Gudvangatunnelen. I staden blir det då ein time lange stengingar mellom klokka 20.00 og 06.00. Med kolonnar kvar heile time.


Siste saker Gå til framsida