STYRELEIAR: Fylkesordførar Jenny Følling har teke over vervet som styreleiar for Regionalt forskingsfond Vestlandet. (Arkivfoto)

Jenny Følling ny styreleiar i Regionalt forskingsfond

Tysdag leia fylkesordførar Jenny Følling sitt første styremøte som styreleiar i Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Publisert 07.02.2018 kl. 06.19. Oppdatert kl. 06.22.

Jenny Følling tok over vervet som styreleiar i det regional forskingsfondet ved årsskiftet.


Til styremøtet i Bergen tysdag 6. februar låg det føre ei tildeling på 36,8 millionar frå Kunnskapsdepartementet til nye forskingsprosjekt i fondsregion Vestlandet i 2018, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på heimesida si.


Utvikling og nyskaping

Fondet lyser ut midlar til både kvalifiseringsprosjekt og større forskingsprosjekt i landsdelen. Fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane samarbeider om fondet.


Bedrifter kan søkje kvalifiseringsstøtte kontinuerleg gjennom året, medan fristen for å søkje støtte til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt er 14. februar.


- Ordninga med regionale forskingsfond er ei satsing som skal styrke utvikling og nyskaping på Vestlandet ved å støtte regionalt prioriterte forskingstema. Me vil bidra til å utvikle forskingskvaliteten og til å skape nye, konkurransedyktige FoU-miljø, seier Følling


Ekspertutvalet

Jenny Følling fortel at dei Regionale forskingsfonda ser positivt på ekspertutvalet sin rapport som vil overføre forskingsmiddel til det regionale folkevalde nivået.


- Slik kan forskings- og innovasjonsinnsatsen i større grad tilpassast regionale behov og prioriteringar, seier ho.