GAMAL STIL: Arrangøren tykkjer det er flott om folk som kjem til Solvorn kler seg ut. (Foto: Privat)

Inviterer til Strandsitjardagar

Dei femte Strandsitjardagane vert arrangert i Solvorn 22.-24. september. Det er no to år sidan sist.

Publisert 22.09.2017 kl. 14.05.

Målet med dagane er å få til aktivitet i strandsitjarmiljøet og ha fokus på historia til Solvorn.


- Opplegget er mykje av det same kvart år, men med noko fornying. Me har ulike tema kvart år, fortel Ellen Kristin Havellen, leiar i strandsitjarnemnda.

UT PÅ TUR: Det er høve til å køyra med hest og vogn under Strandsitjardagane. Her frå eit tidlegare år. (Foto: Privat)

Verdsarven

I år er temaet «Strandsitjarmiljøet- ein del av verdsarven/ innfallsporten til Urnes stavkyrkje».


- Me startar fredag på Walaker hotell. Marit Aakre Tennø er leiar av verdsarvrådet, ho og skal fortelja om verdsarven og Urnes Stavkyrkje. Tidlegare elevar ved Skjolden skule fortel frå tema dei hadde om Urnes stavkyrkje. Dalatrioen skal syngja, og kvelden vert avslutta med fiskesuppe, opplyser Havellen.

RAMME: Det gamle miljøet langs sjøen skaper ei fin ramme kring Strandsitjardagane. (Foto: Privat)

Gamalost

Laurdag blir det liv og røre i gata.


- Me håper at folk kler seg ut i gamle klede, og tek seg god tid til å rusle rundt, sjå og prata. Bryggjehuset sel norsk tradisjonsmat den dagen.


Langs gata, i nokre hus, på hotellet og i sjøbuer er det salsbuer med handverk, måleri, keramikk, strikkeklede og lokalprodusert mat. Heile Luster kommune er representert. Nytt i år er at det vert høve til å kjøpa gamalost frå Vik, vert det opplyst i ei pressemelding.


- Tidlegare år har me hatt to vandringar i gata, og då har me opplevd at det er mange som ikkje har fått med seg det som vert fortalt. Difor har me ein ny vri i år, der me deler opp dei som vil bli med på vandringa i mindre grupper. Vandringa vil også ha ei ny rute mellom naust og sjøbuer. Elevane frå Solvorn skule vil hjelpa til med ulike aktivitetar under vandringa, fortel Havellen.


Føredrag og foto

Arne Kvalen kjem til å visa fram tønnefabrikken på Tønsberg, og fortelja om fabrikken si historie. På veg til Tønsberg er det mogleg å få sjå samlinga til Idar Moe. Det er ei samling av kaffiservise og anna.


Laurdag ettermiddag er det kåseri med Terje Joranger som fortel om strandsitjarmiljøet.


- Han er ein av forfattarane bak bygdeboka frå Solvorn, og har god kjennskap til historia. Det vert mogleg å få kjøpa bygdeboka der, fortel Havellen.


På hotellet har Oskar Andersen fotoutstilling, og Oddvar Walaker viser fram gamle bilete. Aasen og Byrkjeland har restaurert ei gamal sjøbod, og der har firma Veri media fotoutstilling.


- Søndag samarbeider me med Sørsida grenda lag. Kaféen er open, og i stavkyrkja vert det konsert med Asbjørg Ormberg og omvising med Marit Bøen.


Les meir om: Nyhende Kultur Luster

Siste saker Gå til framsida