Innførde kolonnekøyring - no er det stengt

Publisert 09.02.2018 kl. 06.29. Oppdatert kl. 11.39.

Uvêr i fjellet førte til at det vart innført kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet torsdag kveld, melder Statens vegvesen. Fredag føremiddag vart fjellovergangen stengd.


På dei andre vinteropne fjellovergangane i Indre Sogn var tilhøva slik fredag føremiddag:


E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 3 grader, laber bris og lette snøbyger.


Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt. Like før klokka 10.30 fredag vart det innført kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet. 


Fylkesveg 50 Aurland-Hol: Snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det minus 3 grader, liten kuling og snøbyger.


Fylkesveg 53 Årdal-Tyin: Snø- og isdekke. Klokka 05:15 var det minus 5 grader, frisk bris og snøbyger.


Siste saker Gå til framsida