KONTROLL: Samtlege køyretøy hadde ei eller anna form for manglar då Statens vegvesen gjennomførte ein kontroll torsdag kveld. (Foto: Arkiv)

Ingen slapp unna

Samtlege køyretøy fekk manglar då Statens vegvesen gjennomførte ein kontroll i Flåm torsdag kveld.

Publisert 01.09.2017 kl. 06.20.

Åtte køyretøy vart kontrollerte, samtlege fekk skriftlege manglar.


To av køyretøya fekk bruksforbod.


Ein sjåfør vart meld for manglende førarrett for bil og tilhenger.


Fire køyretøy hadde tekniske manglar. Ein  tilhengar fekk bruksforbud på grunn av tekniske manglar. Eitt køyretøy fekk bruksforbod for manglende forsikring.


To sjåførar måtte ut med gebyr fordi dei ikkje hadde med seg førerkort. Det vart i tillegg ilagt vognkortgebyr for tre køyretøy fordi vognkortet ikkje var med.


Ein svensk minibuss vart også stogga med sterk mistanke om ulovlig persontransport.


Siste saker Gå til framsida