VENTING: Det har vore ein del kø ved Røneidtunnelen. Her på Marifjøra-sida. No tek tunnelarbeidet ferie til 6. august. (Foto: Wenche Schanke Eikum)

I desse vekene slepp du venting

Arbeidet med å oppgradera fleire tunnelar i Sogn tek ferie til ulike tider i sommar.

Publisert 03.07.2018 kl. 11.00. Oppdatert kl. 11.08.

På fylkesveg 55 gjennom Luster tek tunnelarbeidet ferie frå 4. juli. Dette gjeld både for Ottatunnelen, Råumtunnelen og Røneidtunnelen.


- I Røneidtunnelen har dei gjort seg ferdige fortare enn tenkt, så der tek dei ferie litt før, seier prosjektleiar Sveinung Hovland.


Den 6. august startar arbeidet opp att. Då vert det arbeid i tunnelane både på dagtid og nattetid.


 


Tre veker pause

I Aurland vert det arbeid på E16 i Flenjatunnelen fram til 9. juli. Så tek dei ferie resten av veke 28, samt veke 29 og 30. Altså til og med den 29. juli.


På fylkesveg 241 Bakkatunnelen vert det pause i same tidsrommet.


Frå 30. juli vert det på ny nattestengingar på E16. Då startar også arbeidet med elektroinnstallasjonane i Gudvangatunnelen.


Det vert då køyrd samanhengande kolonne mellom Gudvangen og Flåm.


 


Tunnelar i Høyanger

Lenger ute langs Sognefjorden, vert det stogg i oppgraderingsarbeidet i to tunnelar i Høyanger i veke 28, 9. til 15. juli. Det gjeld Høyangertunnelen og Hovdetunnelen, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.


Oppgraderinga av tunnelane er ein del av eit utbetringsprogram for 200 tunnelar i heile landet. Arbeidet byrja i 2015, og er venta fullført seinast i 2022. Gamalt utstyr skal skiftast ut, og ny tryggleik vert bygt inn.


Siste saker Gå til framsida