Vik er den kommunen i Sogn og Fjordane som har størst nedgang i sjukefråværet, medan Balestrand har størst auke. (Arkivfoto: Håvard Nesbø)

I denne kommunen er det størst nedgang i sjukefråværet

Vik er den kommunen i Sogn og Fjordane som har størst nedgang i sjukefråværet i 2. kvartal i år, medan Balestrand har størst auke.

Publisert 12.09.2018 kl. 16.08. Oppdatert kl. 16.15.

Endring frå 2017 til 2018 viser at Vik har hatt ei prosentvis endring på -38,1 prosent. Balestrand derimot har hatt ei auke på 28 prosent frå i fjor. 


- Endringane i den enkelte kommune frå kvartal til kvartal er oftast tilfeldige utslag og det er difor viktig å sjå sjukefråværsutvikling over tid og ikkje berre for eit einskild kvartal, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. 


Det legemelde sjukefråværet i fylket samla sett gjekk ned frå 4,7 prosent i 2. kvartal til 4,5 prosent i 2. kvartal 2018. På landsnivå har sjukefråværet gått ned frå 5,2 til 5,0 prosent. Berre Oslo og Rogaland har lågare sjukefråvær enn Sogn og Fjordane, skriv NAV i ei pressemelding.


- Årsaka til nedgangen i det legemeldte sjukefråværet kan vere at påsken var i andre kvartal i fjor og i første kvartal i år. Påsken påverkar nivået på avtalte dagsverk, det vil seie at sjukefråværsprosenten blir noko høgare i eit kvartal med påske enn eit kvartal utan.


Likevel er det grunn til å trekkje fram at Sogn og Fjordane har eit stabilt lågt sjukefråvær og at mange verksemder jobbar godt for å få ned sjukefråværet, seier Thorsnes. 


Blant kvinner gjekk sjukefråværet ned frå 6,0 prosent i 2. kvartal 2017 til 5,8 prosent i 2. kvartal 2018. Blant menn har det vore ein nedgang frå 3,5 til 3,4 prosent. 


Sjukefråværet er høgast innan helse- og sosialtenester med 6,2 prosent. Deretter kjem bergverksdrift og utvinning med 6,0 prosent. Lågast sjåkefråvær er det innan finansierings- og forsikringsverksemd og informasjon og kommunikasjon. Personar i aldersgruppene 65-69 år og 30-34 år, har størst nedgang i sjukefråværet. Aldersgruppa 16-19 år har størst auke i sjukefråværet, men det er forholdsvis få personar i denne gruppa, noko som gir store variasjonar frå kvartal til kvartal.  Det er ein klar tendens at sjukefråværet er lågast i dei yngste aldersgruppene og høgast i dei eldste. 


Prosentdelen med gradert sjukemelding er redusert frå 30 til 28 prosent. På landsnivå er graderinga uendra på 27 prosent. 32 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane har ein gradert sjukmelding, mot 21 prosent av mennene. 


- All forsking viser at det er viktig for sjukmelde å holde kontakten med arbeidslivet når det er mogleg. Det er difor ynskjeleg med så høg gradering som mogeleg for at ikkje arbeidstakarane skal stå i fare for å bli verande varig utafor, seier Thorsnes.


Les meir om: Nyhende Balestrand Vik

Siste saker Gå til framsida