KJØPER VINDKRAFT: Konsernsjef Svein Richard Brandzæg i Hydro seier avtalen er med på å sikra kraft til norsk aluminiumproduksjon. (Foto: Arkiv)

Hydro kjøper vindkraft frå Sverige

Hydro har inngått kontrakt med Markbygden ETT AB om leveranse av 1,65 TWh vindkraft i 19 år frå 2021.

Publisert 07.11.2017 kl. 20.43.

Dette for å sikra framleis satsing på produksjon av fornybar aluminium i Noreg, skriv Hydro i ei pressemelding.
- Med vass- og vind kraft som utgangspunkt for produksjonen vår, og med avansert teknologi og høgt kompetente operatørar, er denne kontrakten eit ekstra bidrag til å styrka trua vår på nye 100 år i
Noreg, seier konsernsjef i Hydro, Svein Richard Brandtzæg.


Vil ha meir

Avtalen strekkjer seg frå 1. januar 2020 til 31. desember 2039.
Den er ein av fleire kraftkontraktar som skal erstatta ein stor vasskraftkontrakt med Statkraft, som går ut i 2020.
Frå før har Hydro sikra seg vindkraftleveransar frå 2020 til 2039 frå
vindkraftparken som er under bygging på Fosenhalvøya i Trøndelag.


Grøn konkurransekraft

Vindkrafta frå Markbygden ETT vil bli levert med sokalla «baseload» sesongprofil i det svenske prisområdet SE1, noko som betyr at Hydro vil motta på førehand fastsett effekt gjennom året, uavhengig av vindtilhøva i Nord-Sverige.

Brandtzæg seier fornybar kraft er eit konkurransefortrinn for Hydro, som etter oppkjøpet av Sapa har blitt verdas største heilintegrerte aluminiumselskap utanfor Kina.
- Aluminium er ein del av løysinga på mange av dei utfordringane verda står overfor. At me nyttar fornybar kraft i aluminiumsproduksjonen vår, gjev oss grøn konkurransekraft som
både kundane våre og sluttbrukarane set stadig større pris på.


Siste saker Gå til framsida