LIGG ETTER SKJEMA: Elektroarbeidet i Høyangertunnelen er forsinka og entreprenøren får dagbøter (Foto: Arkiv)

Høyangertunnelen ligg ti veker etter skjema

Elektroentreprenøren får dagbøter på 20.000 kroner og rehabiliteringa av tunnelen er forsinka.

Publisert 11.10.2017 kl. 10.46. Oppdatert kl. 10.57.

- Eg håper det skal koma lys i Høyangertunnelen til jul, men eg tvilar sterkt på at det kjem til å skje. 


Det seier Sveinung Hovland, prosjektleiar i Statens vegvesen til Firda. (Artikkel open for abonnentar)


Ikkje ferdig

Veidekke utførte anleggsarbeidet i tunnelen, engelske VVB Engineering Ltd leverte eit anbod på knappe 29 millionar kroner, nesten 5 millionar billegare enn Mesta, som hadde det nest lægste anbodet.


Selskapet skulle ha vore ferdige med elektroarbeidet i september, men er altså ikkje ferdige enno. Avisa skriv at elektroentreprenør VVB Engineering Ltd no får 20.000 kroner i dagbøter. 1. desember vil satsen auka til 50.000 kroner.


Prosjektleiar Hovland seier til avisa at selskapet har bra med flinke folk til å utføra arbeidet, men at dei ofte manglar utstyr.


- Av grunnar eg ikkje kjenner til, må VVB Engineering betala på forskot for mykje av utstyret som skal monterast i tunnelen. Me mistenker at selskapet har betalingsproblem. Når arbeidarane vert gåande utan å ha utstyr å montera, seier det seg sjølv at framdrifta ikkje vert bra, seier han til avisa.


190 millionar

Arbeidet med den omfattande rehabiliteringa av tunnelen, som stod ferdig i 1982, starta hausten 2015. Sidan den tid har det berre vore mogleg å køyra gjennom tunnelen mellom Høyanger og Lånefjorden i Balestrand til fastsette kolonnetider, sett vekk frå korte ferieperiodar med fri ferdsle.


Les også: Snart oppstart i Høyangertunnelen


Kostnadene med arbeidet var først sett til 170 millionar, noko som inkluderte vass- og frostsikring, fjellsikring, nye nisjar, drenering, kablar, vifter og nytt lysanlegg. 


I tillegg har fylkestinget avgjort at det også skal vera naudnett i Høyangertunnelen. Installeringa auka totalkostnaden til 190 millionar kroner. 


 


Siste saker Gå til framsida