Høyanger kommune får 15,2 millionar

Publisert 10.09.2018 kl. 19.40.

Elleve oppdrettskommunar og Sogn og Fjordane fylkeskommune får totalt over 220 millionar kroner frå det nye Havbruksfondet. Pengane kjem etter at staten har selt oppdrettskonsesjonar - der delar av salssummen går tilbake til oppdrettskommunane, melder Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding måndag.


Flora, Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Askvoll, Fjaler, Bremanger, Vågsøy, Selje og Gloppen er dei kommunane i Sogn og Fjordane som kan jubla for pengegåva.


- Det skal løna seg for kommunane å leggja til rette for laksenæringa. No får dei velfortent løn, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).


Rundt 160 kommunar og ti fylkeskommunar kan dele over 2,7 milliardar kroner. Rundt 50 selskap kjøpte løyver for om lag 3,9 milliardar kroner. 80 prosent av desse pengane går til laksekommunar og -fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet.


- Denne utbetalinga er med på å synleggjera at oppdrettsnæringa gir noko tilbake til lokalsamfunna. Dette er pengar kommunane kan bruka på å utvikle tilbodet til innbyggjarane sine innan kultur, helse, skule, idrett, infrastruktur eller andre område, seier Nesvik.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida