UKM i Årdal ønskjer seg fleire deltakarar og arrangerer difor workshop for å lokka til seg fleire. I fjor deltok Frida Lidal (13) med eigenkoreografert dans i tillegg til måleriet «Hen». (Arkivfoto)

Håpar på fleire deltakarar til UKM - lokkar med workshop

UKM ønskjer seg fleire deltakarar og har i samarbeid med kulturskulen og ungdomskubben teke initiativ til å arrangere ein workshop.

Publisert 03.01.2018 kl. 21.00.
- Me har fått pengestøtte frå UKM sentralt og av fylkeskommunen til denne workshopen, som skal vera gratis for ungdomane, seier Sigyn Øren, kulturskulerektor i Årdal kommune.
 
Ho seier at målet er å få fleire ungdomar til å stille opp på UKM lokalt. Workshopen i Årdal er sett til 26.-28. januar.
 
- Workshopen skal gje opplæring, rettleiing og oppmuntring til ungdom mellom 12 og 19 år som har eit talent, seier Øren og legg til at dei hyrar inn dyktige, vaksne instruktørar innanfor kunstnarlege evne.
 
- Instruktørane skal i hovudsak koma frå lokalmiljøet, og ungdomane får kursing og rettleiing både individuelt og i grupper.
 

Påmeldingsfrist

Øren fortel at dei kan tilby alt frå låtskrivarkurs, fotokurs, målarkurs, bandseminar, ensemblespeling, dramakurs, danseseminar, forfattarkurs og videoredigeringskurs.
 
- Men i første omgang må me få workshopen kjend, og deretter må me gjera ei undersøking på kva type workshop det er mest interesse for, seier Øren og strekar under at ungdomane får ein informasjonsbrosjyre om dei ulike kursa, med påmeldingsfrist 5. januar. 
 
- Når me har fått inn alle påmeldingane, vil me sjå kva type kurs me skal setja i gong. Me håpar på stor påmelding til workshop som resulterer i ei flott UKM-framsyning i Årdal kulturhus 10. mars, seier Øren.
 

Dannar husband

Nytt av året er at lærarar frå kulturskulen skal danne eit husband som kan kompe og akkompagnere dei ungdomane som ønskjer det under UKM-framsyninga.
 
- Fleire ungdomar let vere å melde seg på UKM fordi dei ikkje kjenner nokon som kan akkompagnere dei, seier Øren og legg til at det er vanleg at fylkes- og landsmønstringa stiller med husband til dei som ønskjer det.
 
- Så difor prøver me på det i Årdal også.

Les meir om: Nyhende Kultur Ung Årdal

Siste saker Gå til framsida