BLIR Å SJÅ PÅ TV: Ann Kristin Flatland blir å sjå i komande sesong av "Mesternes Mester". (Arkivfoto)

Ho skal vera med i «Mesternes mester»

Publisert 12.06.2018 kl. 13.23.

Tidlegare skiskyttar, Ann Kristin Flatland (35) frå Vik, er blant deltakarane i årets sesong av «Mesternes Mester». Det melder NRK.


Etter nyttår er det klart for den tiande sesongen av «Mesternes Mester», der tidlegare idrettsutøvarar konkurrerer mot kvarandre i ulike øvingar. Men alt denne veka set årets deltakarar kursen mot Mallorca, der serien skal spelast inn.


Med seg i deltakarhuset får Flatland: Karoline Dyhre Breivang, handball, Hanne Haugland (50), høgdehopp, Tom Hilde (30), skihopp, Karina Hollekim (42), fristil skikjøring og basehopp, Glenn Solberg (46), handball, Pål Anders Ullevålseter (49), motocross og enduro, Kine Olsen Vedelden (23), cheerleading, Ole Martin Årst (43), fotball og Lars Berger (39), skiskyting og langrenn.


Les meir om: Nyhende Vik

Siste saker Gå til framsida