Ho blir økonomisjef i nye Sogndal kommune

Marianne Skjeldestad Hove vert økonomisjef i nye Sogndal kommune.

Publisert 27.07.2018 kl. 08.15.

Det melder kommunen på sine eigne nettsider.


- Det var ein grundig tilsettingsprosess med ekstern bistand, og me hadde fleire gode søkjarar. Det var eit samrøystes tilsettingsutval som tilrådde Marianne til stillinga, skriv dei.


Skjeldestad Hove har tidlegare jobba i Skatteetaten, privat næringsliv og hatt sentrale roller i Statens vegvesen, der ho no kjem ifrå. Ho har også ei mastergrad frå handelshøgskulen BI.


Les meir om: Nyhende Notis Nye Sogndal