FØRELEGG: Fire måtte ut med førelegg etter ein radarkontroll I LÆrdal tysdag. (Ilustrasjonsfoto)

Høg fart og brei last

93 kilometer i timen var høgaste målte fart då UP gjennomførte fartskontroll i 80-sona ved Bjørkum i Lærdal tysdag.

Publisert 17.05.2017 kl. 06.45.

Fire personar måtte ut med forenkla førelegg.


UP hadde også ruskontroll på riksveg 5 på Kaupanger tysdag. 53 førarar vart kontrollerte, alle bles grønt. Men to måtte ut med gebyr fordi dei ikkje hadde med seg førarkortet.


På Mannheller vart eit mann i 60-åra stogga fordi han hadde for brei last på tilhengaren. mannen fekk ikkje køyra vidare og det er oppretta sak på tilhøvet.


 


Siste saker Gå til framsida