TUNNELRENSK: Her må bilistar rekna med litt ventetid i dag og i morgon.

Her må du rekna med ventetid

Bilistar som skal gjennom Fodnestunnelen må rekna med å venta i inntil 25 minuttar på grunn av arbeid i tunnelen.

Publisert 15.11.2017 kl. 06.15.

Det er ledebil på strekninga.


Arbeidet skjer i dag, onsdag og torsdag mellom 06.00 og 20.00.


Det er elles heftig på fjellovergangane. Fylkesveg 53 Årdal-Tyin er stengd på grunn av uvêr, medan det er kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet.


PÅ fylkesveg 50, Aurland-Hol, kan det bli innførd kolonnekøyring på kort varsel. Det er stiv kuling i fjellet.


På E16 over Filefjell er det noko redusert sikt og fare for glatte parti. Det same gjeld riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.


Siste saker Gå til framsida