TIL SVERIGE?: Edin Øy er denne veka på treningsopphald i svenske Ljungskile SK. (Foto: Privat)

Her er Øy på plass i Sverige

Sogndal-spelar Edin Øy (21) trenar denne veka med Ljungskile SK.

Publisert 08.08.2018 kl. 16.04.

Edin Øy kan vera nestemann på veg ut portane på Fosshaugane Campus. Måndag reiste årdølen til Ljungskile for å sjå på forholda i klubben som spelar på nivå tre.


- Ljungskile tok kontakt med Sogndal og eg synst dette høyrdest spennande ut. Så no er eg i Sverige for å besøka klubben og trena med laget nokre dagar, seier Øy.


Førebels er det ingenting som er spikra, men ein ser ikkje bort frå at det kan gå mot ein utlånsavtale ut sesongen for 21-åringen.


- I første omgang skal eg vera her fram til fredag, der eg skal møta laget, trenarane og sjå på fasilitetane. Så får me ta ei avgjerd etterpå. Det er ingenting som er konkret, slår Øy fast.


Den kreative midtbanespelaren har hatt ein tung sesong i Sogndal i år. Allereie i første treningskamp mot Florø vart han skada, og var først tilbake på treningsfeltet for ein knapp månad sidan. Øy legg ikkje skjul på at han ønskjer å lukkast i Sogndal, men at han no må tenkja på eigen utvikling.


- Moglegheitene for spel i Sogndal i haust er kanskje ikkje så store. Det er mange om beinet og Sogndal gjer det bra om dagen. Eg vil jo aller helst springa ut på Fosshaugane, men av og til må du tenkja på eigen utvikling.


Tidlegare Sogndal-trenar Jonas Olsson trente Ljungskile etter opphaldet i Sogndal, men sa opp jobben i 2016. Klubben held til i Uddevalla. Tettstaden Ljungskile har i om lag 3.500 innbyggjarar.


Ljungskile spelte på høgste nivå i Sverige, i 1997 og 2008. Dei spelar sine kampar på Skarsjövallen.


- Førsteinntrykket av klubben er positivt. Det er eit bra nivå på spelarane, ein fin stadion og eit profesjonelt opplegg, seier Øy, som framleis har to år att av kontrakten med Sogndal som går ut sommaren 2020. 


No håpar han at eit lite eventyr i Sverige kan vera eit steg i rett retning.


- Av og til må ein ut av komfortsona. Eg har det veldig trygt og godt i Sogndal, men dette kan vera veldig spennande. Så får me sjå kva som skjer.


Sogndal-trenar Eirik Bakke seier at Øy skal trena med klubben ut veka. Så skal dei ta ei evaluering når Øy er tilbake. 


- Edin har behov for å spela kampar, men det er ein tøff kamp om plassane i Sogndal. Så eit utlån kan vera ei god løysing, seier han.


Siste saker Gå til framsida