KOLONNE: Det er kolonnekøyring på rv. 13 over Vikafjellet måndag morgon. (Arkivfoto)

Her er det kolonnekøyring

På riksveg 13 over Vikafjellet har det vore kolonnekøyrimg sidan søndag ettermiddag.

Publisert 20.03.2017 kl. 06.14. Oppdatert kl. 06.21.

Riksveg 13 over Vikafjellet har kolonnekøyring grunna uvêr, melder Statens vegvesen på trafikkmeldingssidene sine måndag morgon. 


På dei andre vinteropne fjellovergangane i Midtre- og Indre Sogn stod det slik til like før klokka 06 måndag:


E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det minus sju grader, svak vind og lette snøbyger.


Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus fem grader, flau vind og lett snø.


Fv. 50 Aurland-Hol: Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt grunna snøføyke. Klokka 05:40 var det minus to grader, frisk bris og snøbyger.


Fv. 53 Årdal-Tyin: Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus åtte grader, lett bris og lette snøbyger.