VEGARBEID: Det blir vegarbeid, og ventetid, i Lærdalstunnelen natt til torsdag. (Arkivfoto)

Her blir det ventetid natt til torsdag

Du bør rekna med 20 minuttar ekstra, dersom du skal gjennom Lærdalstunnelen natt til torsdag.

Publisert 25.10.2017 kl. 06.06. Oppdatert kl. 06.20.

Frå klokka 20.00 i kveld, onsdag, og fram til klokka 06.00 torsdag morgon, kan Lærdalstunnelen på E16 bli stengd i periodar på inntil 20 minuttar, melder Statens vegvesen.


Dette fordi det skal utførast vegarbeid i tunnelen i dette tidsrommet. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. 


 


Siste saker Gå til framsida