BARNEHAGETOMT: Den nye barnehagen i Aurland skal byggjast i området mellom ABU og SJH. Det vedtok kommunestyret torsdag.

Her blir den nye barnehagen bygd

Kommunestyret i Aurland vedtok torsdag at den nye barnehagen skal byggjast i området mellom barne-og ungdomsskulen og jord- og hagebruksskulen

Publisert 19.05.2017 kl. 06.27. Oppdatert kl. 06.33.

Med vedtaket torsdag er ein over tre år lang prosess om lokalisering av den nye barnehagen i Aurland komen til endes. Mot dei to røystene frå Miljøpartiet dei grøne (MDG), sa kommunestyret at barnehagen skal byggjast i området mellom Aurland barne- og ungdomsskule (ABU) og Sogn jord- og hagebruksskule (SJH).


Før dette vart vedteke, hadde dei folkevalde avvist eit framlegg frå MDG om å byggja på det sokalla null-alternativet. Det vil seia på tomta der Vangen barnehage held til i dag.


Dei to andre tomtealternativa som har vore med til siste runde, Dalen barnehage og tomta ved Dale boligbygg på Vinjabøen, kom ikkje så langt at dei vart røysta over i kommunestyret torsdag.


Les meir om denne saka i papir- eller e-utgåva av Sogn Avis.


Les meir om: Nyhende Aurland Politikk

Siste saker Gå til framsida