
Henta heim journalistpris for barneverndekninga
Sogn Avis og redaktør Jan Inge Fardal tok gjev pris under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA).
LLA held landsmøtet sitt i Bodø denne helga og laurdag var det tid for den store prisfesten.
For to år sidan stakk Sogn Avis av med prisen som Årets lokalavis, i år er det Journalistprisen som blir med på flyet heim til Sogn.
- Dette var stas! Og eg set ekstra stor pris på dette på vegner av alle dei damene som måtte slutte i Sogn Barnevern, seier prisvinnar Jan Inge Fardal.
Grunngjeving
Sogn Avis fekk prisen for omfattende journalistikk rundt Sogn barnevern og juryen skriv følgjande i grunngjevinga:
"Mange journalistar har brent fingrane på å røre ved barnevernet. Det gjer det ekstra viktig med godt journalistisk arbeid på feltet.
I ein lang artikkelserie i Sogn Avis har redaktør Jan Inge Fardal gått systematisk til verks for å avdekkje tvilsame sider ved organisering og drift av Sogn barnevern; blant anna varslingssaker, omplassering av folk, mobbing, trakassering og sladda rapportar.
Det ligg eit uvanleg grundig og godt journalistisk arbeid bak sakene. Kommuneleiinga står att utan ære - i motsetning til avisa.
Sogn Avis fortener journalistprisen for 2017."
Les meir om: