KONTROLL: UP delte t fleire gebyr etetr fartskontrollar tysdag kveld. (Foto: Arkiv)

Harde på gassen

Utrykkingspolitiet delte ut fleire gebyr etter fartskontrollar tysdag kveld.

Publisert 19.04.2017 kl. 06.47.

I 80-sona i Sogndal måtte ein person ut med gebyr etter å ha køyrt i 94 kilometer i timen. På fylkesveg 55 i Hafslo, i 70-sona, fekk ein bilførar forenkla førelegg for ein fart på 82 kilometer i timen.


I 60-sona på Leikanger vart det skrive ut åtte forenkla førelegg. Høgaste fart her var 76 kilometer i timen. Det vart også skrive ut eitt gebyr for manglande bilbelte.


Siste saker Gå til framsida