Halvor Dannevig er Vestlandsforsking sin nye leiar for klima- og miljøforskinga ved instituttet frå 1. januar 2018. (Pressefoto)

Han er tilsett som ny forskingsleiar for Vestlandsforsking

Halvor Dannevig er Vestlandsforsking sin nye leiar for klima- og miljøforskinga ved instituttet.

Publisert 03.01.2018 kl. 15.39. Oppdatert kl. 15.43.

- Det blir ei spanande utfordring som eg gler meg til å ta fatt på. Eg overtar ei gruppe med flinke og motiverte medarbeidarar og me har mange gode og interessante prosjekt i portefølja vår, seier Dannevig, som gjekk inn i stillinga 1. januar 2018.


Han tek over etter forskingsleiar Carlo Aall, som held fram i Vestlandsforsking som forskar, skriv Vestlandsforsking i ei pressemelding. 


Inn i leiargruppa

Fagområdet som Dannevig får ansvar for utgjer om lag 50 prosent av forskingsaktiviteten ved instituttet, og han går inn i leiargruppa.


Dannevig har sidan 2011 vore tilsett som forskar ved Vestlandsforsking og har klimatilpassing som sitt fremste forskingsområde.


Han har doktorgrad frå Universitetet i Aalborg i 2015 med eit forskingsarbeid utført ved Vestlandsforsking. 


- Halvor er fagleg sterk, har stor kapasitet og har gode leiareigenskapar. Klima og miljø er blant dei viktigaste samfunnsutfordringane vi no står ovanfor, og han vil kunne ivareta den faglege kvaliteten og bidra til vidare utvikling av forskingsmiljøet og forskingsaktiviteten ved instituttet i Sogn og Fjordane på ein god måte, seier Merete Lunde, direktør i Vestlandsforsking i pressemeldinga.


- Det er lagt eit godt kunnskapsgrunnlag gjennom fleire års forskingsarbeid innan klima og miljø ved instituttet. Eg er glad for å ha Halvor med i leiinga i ei tid der det er stort behov for auka kunnskap på klima- og miljøområdet, legg Lunde til.


- Godt rigga for framtida

- Klima- og miljøgruppa er godt rigga for framtida, det har aldri vore fleir medarbeidarar med doktorgrad, og vi har nyss fått fleire store prosjekt så me har nok å gjere i tida framover. Slik sett kjem eg til dekka bord, seier Dannevig.


Han strekar under at han vil halde fram med det gode arbeidet til forgjengaren sin, og legge til rette for at medarbeidarane skal fortsette å utvikle seg fagleg og at gruppa skal gje viktige bidrag til både forskingsfronten og regionen.


Siste saker Gå til framsida