Halvtimes stengjeperiodar ved Finnsåstunnelen

Publisert 19.02.2018 kl. 06.49. Oppdatert kl. 10.59.

Frå i dag, måndag 19. februar og fram til og med måndag 26. mars blir fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen i Årdal stengd i periodar på inntil 30 minuttar mellom klokka 07.00 og 18.30, melder Statens vegvesen. Dette gjeld på måndag og frå onsdag til og med søndag desse fem vekene. Noko som betyr at det ikkje er arbeid der, og soleis  fri ferdsel på staden, på tysdagar.