Hadde køyrt i ni dagar

Publisert 17.08.2017 kl. 06.35.

Under ein kontroll på Statens vegvesens kontrollstasjon på Håbakken, synte det seg at ein litauisk bussjåfør som vart stogga hadde brote reglane om køyre- og kviletid drastisk. Sjåføren hadde køyrt i ni dagar utan vekekvile. Han varrt meld til politiet for dette, og fekk samstundes pålegg om å ta ei godkjend vekekvile, det vil seia 69 timar, før vidare køyring. Passasjerane i bussen vart frakta vidare av eit anna busselskap, melder vegvesenets kontrollørar.


 


Siste saker Gå til framsida