Hadde for tungt lass

Publisert 17.08.2017 kl. 06.47. Oppdatert kl. 07.01.

Ein norsk lastebil som vart stogga i ein kontroll på Håbakken onsdag kveld, hadde for mykje lass, slik at det var overvekt på ein aksling. For dette må sjåføren ut med eit gebyr på 5.150 kroner. I tillegg synte det seg at sjåføren ikkje hadde yrkessjåførkompetanse, noko han vart meldt til politiet for. Han vart også meld for at han ikkje hadde sjåførkort i fartsskrivaren under køyring. I tillegg synte det seg at det var tekniske manglar på ABS-bremsane på lastebilen, samt at det var oljelekkasje frå girkassen og bakløftaren på bilen.


Ein annan lastbil som vart stogga i kontrolen på Håbakken vart avsklta, då bilen ikkje hadde vore inne til periodisk køyretøykontroll. 


Siste saker Gå til framsida