- No er vinteren komen. Folk må sjekka vêrmelding og føreforhold, seier Idar Sangolt i Statens vegvesen. (Arkivfoto)

Glatte vegar på fjellet

- No er vinteren komen. Folk må sjekka vermelding og føreforhold.

Publisert 09.11.2017 kl. 16.44. Oppdatert kl. 21.24.

Det seier Idar Sangolt i Statens vegvesen.


- På Rv 13 over Vikafjellet er det snø- og isdekke. I ettermiddag er det liten kuling og snøbyer, men det blir verre utover kvelden, seier han.


Det same gjeld Fv 53 mellom Øvre Årdal og Tyin, og Fv 50 mellom Hol og Aurland. 


- Brøytebilar er ute og det blir strødd på vegane. Viss du ikkje må ut å køyre i kveld, så bør du vurdere å vente ein dag. 


På Hemsedalsfjellet på Rv 52 kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel. Store køyretøy bør bruka kjetting, blir det melde.


Elles kan det oppstå litt venting på grunn av vegarbeid rundt om kring i regionen. I Gudvangatunnelen på E16 er det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i perioden måndag til fredag og søndag frå klokka 20.00 til 06.00. 


Det er langstenging frå klokka 23.00 til 02.00. 


Kolonnetider er som følgjande: 21:00, 22:00, 23:00, 02:00, 03:00, 04:00, 05:00 og fri ferdsel kl. 06:00.


- Du bør planleggja før du skal på tur. Det kan oppleva at bli kolonne eller at det er stengt. Så sjekk trafikk- og vêrmeldingane, oppmodar Sangolt.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Uvêr Vêr

Siste saker Gå til framsida