GLATT: Det er utfordrande over Vikafjellet i morgontimane laurdag. Her frå Holesvingane. (Illustrasjonsfoto)

Glatt over Vikafjellet

Det er utfordrande køyretilhøve på fleire av fjellovergangane.

Publisert 04.11.2017 kl. 11.23.

På riksveg 13 over Vikafjellet er det snø- og isdekke og vanskelege køyretilhøve på grunn av regn som frys på bakken. Det er null grader, frisk bris og lette snøbyger over fjellet.


Det vart sendt opp strøbil i morgontimane laurdag.


Fylkesveg 50, Hol-Aurland, har stort sett bar og våt vegbane, men det kan vera fare for glatte parti. I morgontimane laurdag var det kett bris og lette snøbyger og temperatur like over null.


Fylkesveg 53, Tyin-Årdal, har minus ein grad, stille og opphaldsvêr og vekslande bart og snødekke.


Det same er situasjonen over E16 Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.


Dette opplyser Statens vegvesen.


 


 


 


Siste saker Gå til framsida