NVE gjev Lærdal og Aurland Grønnkraft AS løyve til å byggje Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal. (Foto: Faun Naturforvaltning as / Lærdal og Aurland Grønnkraft)

Gjev kraftverk grønt lys

NVE gjev Lærdal og Aurland Grønnkraft AS løyve til å byggje Øvre Kvemma kraftverk.

Publisert 21.12.2017 kl. 10.10. Oppdatert kl. 10.22.

Det går fram i ei pressemelding frå Noregs vassdrags- og energidirektoratet.


Etter at NVE i februar i år sa nei til utbygging av Øvre Kvemma kraftverk, sende utbyggjaren, Lærdal og Aurland Grønnkraft, inn ein ny og redusert utbyggingssøknad for kraftverket.


I denne søknaden meinte utbyggjarane at dei kom NVE i møte på dei punkta avslaget i februar vart grunngjeve med.


No har altså NVE gjeve grønt lys til å byggja kraftverket, som vil produsere om lag 18 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 900 husstandar.


Øvre Kvemma kraftverk vil nytte eit fall på 347 meter i elva Øvre Kvemma mellom inntak 775 meter over havet og kraftstasjon 428 m.o.h., rett ovanfor utløp i Lærdalselvi. 


Vassvegen vil i hovudsak liggje i tunnel, men nedgraven i nedre del.


NVE legg vekt på at ei utbygging av Øvre Kvemma kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. Det vil vere nokre ulemper for naturmangfaldet i og langs elva. Med slepp av minstevassføring vil desse ulempene etter vårt syn vere akseptable.


Med god planlegging for anlegget og gjennomføring av bygginga, meiner NVE at nytta av tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser. 


«Me gjev difor løyve til Øvre Kvemma kraftverk på nærare fastsette vilkår», heiter det i pressemeldinga.


Siste saker Gå til framsida