LEITTE: Norske Redningshunder deltok i leitinga etter mannen, som kom til rette like før klokka 02.00 natt til fredag. (Foto: Arkiv)

Gjekk seg vill på rypejakt

Ein mann i 50-åra kom til rette etter å ha vore sakna etter ein rypejakt i går kveld.

Publisert 06.10.2017 kl. 07.13.

Mannen var på rypejakt ved Steinbergdalen i Aurland. Både Raudekrossen og Norske redningshundar søkte etter vedkomande.


Dette bar frukter. Klokka 01.57 møtte leitemannskapet mannen gåande. Han opplyste at han hadde gått seg vill. Mannen var uskadd, men noko kald.


Siste saker Gå til framsida