Gjekk seg skorfast - henta med helikopter

Publisert 22.10.2017 kl. 16.42. Oppdatert kl. 09.41.

Politiet melder søndag ettermiddag om at ein mann har gått seg skorfast ved Grovvotn på Vikafjellet. Redningshelikopter er på veg og Vik Røde Kors er varsla.


Like etter klokka 19.30 melder politiet at mannen er henta ned frå fjellet.


Alpin redningsgruppa fira seg ned og heisa deretter vedkomande opp på "flatt" underlag.


 


Siste saker Gå til framsida