STORE DIMENSJONAR: Ein stein vart liggjande blant morelletrea etter å ha rulla gjennom ei brakke. (Foto: Hanne Stedje)

Geolog på synfaring i rasområde i dag

Fredag kveld rasa det fleire stader i Lærdal etter eit kraftig regnvêr.

Publisert 12.08.2018 kl. 11.26. Oppdatert kl. 11.29.

Lærdal kommune ventar no på geolog for å få vurdert områda.


- Me ventar geolog i dag søndag. NVE har lova oss det, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim, som sjølv har sett på rasområda.


Det eine er på Tønjum der det også bur folk i nærleiken, og det er store steinmassar som har kome ned. Mark Brooks fekk seg ei skrekkoppleving då ein kampestein passerte rett framfor han fredag , då han var på veg til det området. Ei brakke der det budde morelleplukkarar vart smadra av stein, ei hending først omtalt av porten.no. Ingen kom til skade.


Det andre området er ved Jutlamannen.


- Der er det vatnet som har teke med seg massar ned, seier Solheim.


Søndag kan ikkje Solheim seia noko om kva som blir gjort vidare, for kommunen avventar konklusjonen til geologen.


Geolog er venta til området med helikopter i 12.30-tida.


 

RAS: Geolog skal i dag vurdera rasområde i Lærdal, som her ved Jutlamannen. (Foto: Jan Geir Solheim)

Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida