UVÊR: Fylkesveg 13 over Gaularfjellet var stengd grunna uvêr fredag morgon. Vegen er no open att. (Webkamera: Statens vegvesen)

Gaularfjellet er opna att

Vegvesenet melde om to stengde fjellovergangar fredag morgon. Den eine, vegen over Gaularfjellet, er no open att.

Publisert 10.11.2017 kl. 06.19. Oppdatert kl. 09.08.

Slik er vêr- og føretilhøva på fjellovergangane i Sogn tidleg fredag:


E16 Filefjell


Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 4 grader, lett bris og lette snøbyger.


Rv. 13 Vikafjellet


Kolonnekøyring på grunn av uvêr fredag morgon, i sju-tida melder Vegtrafikksentralen at vegen er open for trafikk.


Rv. 52 Hemsedalsfjellet


Snø- og isdekke. Store køyretøy bør bruka kjetting. Klokka 05:50 var det minus 1 grad, frisk bris og snø.


Fv. 13 Gaularfjell


Vegen er no open att, etter å ha vore stengd grunna uvêr.


Fv. 50 Hol - Aurland


Snø- og isdekke og stadvis glatt. Klokka 05:30 var det minus 3 grader, frisk bris og lette snøbyger.


Fv. 53 Tyin - Årdal


Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 3 grader, frisk bris og snø.


Fv. 55 Sognefjellet


Stengt på grunn av uvêr.


Siste saker Gå til framsida